Hopp til innhold

Redningsaksjon avslutta i Geiranger

Politiet melder at redningsaksjonen etter skredet i Geiranger i ettermiddag, er avslutta. Det vart først meldt at to bilar kunne vere i skredet, men etter fleire timar med søking er konklusjonen at det ikkje er teikn til at nokon vart tatt av skredet.