Hopp til innhold

Redde for å flytte heim

Næraste nabo bak blokka som raste ut krev garantiar frå Ålesund kommune på at det er trygt, før dei tør å flytte tilbake til heimen sin.

Boligblokk Ålesund
Foto: Alf-Jørgen Tyssing/NRK

Hans og Hilde Finsæther har i 30 år budd i einebustaden som ligg på bergplatået, 10-12 meter bak det utraste området.

På flyfoto av skadestaden kan Hans Finsæther sjå restane av berget framfor heimen sin, med det nye skremmande stupet.

- Det er mykje som har rast ut, konstaterer Finsæther.

Både turstien og leikeplassen foran huset deira er vekke etter raset.

Krev garantiar

Sjølv er ikkje Hans Finsæther så redd for å flytte tilbake, men han vil at både kona og han sjølv skal kjenne seg heilt trygge i heimen sin. Då må kommunen og geologar garantere at det er trygt.

- Kona er skeptisk. For ho var aleine i huset den natta, og det rista forferdeleg i heile huset. Så ho har fått seg ein liten kjipp. Difor vil eg at kommunen skal kike på grunnen for å sjekke om der er sprekkdanningar eller ikkje, og garantere at det er sikkert for oss å flytte tilbake, seier Finsæther.

- Vi reknar med at kommuna er velvillege til å hjelpe.

Mange evakuerte

Framleis er rundt 450 menneske evakuerte etter raset onsdag på grunn av eksplosjonsfare. Fleire kvier seg for å flytte heim. Brannmanskap jobbar med å tøme ein propantank som ligg i ruinane etter bustadblokka. Det er uvisst når folk får flytte heim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL