Hopp til innhold

Reddar denne julestemninga?

Det første juletreet her til lands var ei rogn.

Både bæra og bladene er røde på rogna

ROGN I BLØMING: Dei tidlegaste juletrea i Noreg var rognetre, som skulle bløme til jul.

Foto: Ole Kr. Tangen

Mange kan ikkje tenkje seg ei julefeiring utan juletreet, men det er ein tradisjon som har endra seg mykje.

Juletrea dukka opp i tyske byar og landsbyar frå 1500- og 1600-talet, men her i Noreg dukka ikkje ideen opp før seinare.

LES FLEIRE ARTIKLAR OM OM JULETRE HER:

Pynta med rogn

Den første som skriv om juletre i Noreg er opplysningspresten Hans Jacob Wille, som var prest i Telemark på slutten av 1700-talet.

Mads Langnes

Historikar Mads Langnes.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Han skriv at der brukte bøndene å pynte med kvistar med rogn til jul, fortel Mads Langnes, som er konservator og historikar ved Romsdalsmuseet.

Bøndene tok inn rogna i god tid før høgtida.

- Ifølgje Wille tok dei den gjerne inn med rot og det heile. Dei lot den stå så lenge at den kunne bløme til jul, fortel Langnes.

Ingen julerognpynt

I juletreet sin barndom var det neppe snakk om norske flagg og blank stjerne.

- Eg trur ikkje dei pynta trea, dei lot treet i seg sjølv vere pynten. Me veit også at det var vanleg å pynte med tre rundt vindauge og dører til Jonsokaftan, fortel Langnes.

Mads Langnes fortel at juletreet tidleg kom inn i bedehusa.

- Tidleg på 1900-talet vart det arrangert juletrefestar på bedehusa rundt i landet. Og det er litt viktig, for det betyr at juletreet allereie var tatt inn i varmen i den kristne juletrefeiringa.