Det var klokka 05.48 at brannvesenet fekk melding om hyttebrannen på Mjosundet i Aure.
– Dei tre personane som var i hytta kom seg ut sjølve og fekk meldt frå, seier Rian Morrison. Han er operatør ved 110-sentralen.
Hytta ligg i eit eldre hyttefelt . Det var ei stund fare for at brannen skulle spreie seg, men brannvesenet fekk raskt kontroll. Hytta er no heilt nedbrend.
Brannvesenet held framleis på med ettersløkking, ifylgje 110-sentralen. Politiet er på staden for å starte etterforsking.
– Det er for tidleg å seie kvar brannen har starta og kva som er årsaka, seier Jan Stavaas. Han er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.