Hopp til innhold

Måtte få hjelp etter grunnstøyting

Fire personar måtte få hjelp etter ei grunnstøyting på Giske tysdag ettermiddag. Ingen blei skadd i uhellet.

Båt på grunn

Båten måtte slepast tilbake til land etter grunnstøytinga.

Foto: Redningsselskapets Sjøredningskorps Sunnmøre

Det var like før klokka 16.30 tysdag ettermiddag at Redningsselskapet fekk ei melding frå ein båt som hadde grunnstøytt sør for Kvalneset, som ligg vest på øya Giske.

Området Område rundt Giske er langgrunt og ca. 1 km ute kan der vere så grunt som 1–2 meter, opplyser Johan Skylstad i Redningsselskapet.

– Båten kom for langt inn, trefte nokre steinar og fekk dermed skader på motoren og skroget, seier han.

Ingen blei skadd i uhellet og dei fire personane som var om bord i båten blei frakta trygt tilbake til land.

Laster Twitter-innhold