- Han hadde verbal kontakt med kona si da han redda ut dottera, seier innsatsleiar Kjell Kvennseth.
Så kom mannen tilbake og skulle prøve å gå inn i huset ein gong til.
- Då hadde imidlertid elden tatt overhand. Han klarte ikkje å kome seg inn igjen.
Overtent
Røyken er synleg på lang avstand, etter brannen i Engesetdalen.
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRKHuset ligg på Stigane i Engesetdalen i Skodje kommune og var overtent etter berre 10 minutt.
- Alt tyder på at brannen har begynt i kjellaren og spredt seg oppover seier innsatsleiar Kjell Kvennseth.
Brannsjefen i Skodje, Magnar Kvalvik, innfører vatningsforbod i kommunen. Vatningsforbodet varer til over helga, og kjem av at ein har brukt mykje vatn til å sløkke brannen i Engesetdalen.
- Ikkje mogleg å gå inn
Det var ei kvinne på 37 år og sonen på 1 år som omkom i brannen. Dei blei observert i kjellaretasjen, men røykdykkarar måtte avbryte søket etter dei. Til saman seks personar budde i huset.
- Det var ikkje mogleg å kome seg inn i huset for å hente ut dei sakna, seier operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug i Sunnmøre politidistrikt. Politiet kjenner førebels ikkje brannårsaka.
Brannsjef Geir Thorsen seier at redningsarbeidet fungerte etter forholda bra.
- Sjansane for å berge dei savna var veldig små på grunn av at bygget var overtent allereide når vi kom fram. Vi såg eller høyrde ikkje personar inne i huset, seier Thorsen.
Røykdykkarar måtte avbryte
Skodje kommune sin krise- og omsorgsgruppe er varsla, og tek hand om dei pårørande.
Politimeisteren på Sunnmøre har oppmoda Kripos om hjelp til det tekniske arbeidet. Den tekniske undersøkinga av åstaden vil tidligast starte onsdag.
Innsatsleiar Kjell Kvenseth seier at brannvesenet i 13-tida har kontroll over brannen.
- Akkurat no er det slik at brannen nesten er sløkt, men ikkje heilt. Det brenn framleis litt i hovudetasjen og på loftet.
- Det vart gjort forsøk i ei tidleg fase med røykdykkarar for å gå inn, før det var sløkt, i håp om at det skulle vere mogleg å berge ut folk. Men det var så kraftig varme og mykje eld, som ikkje var mogleg å sløkke for røykdykkarane inne, at dei berre måtte trekke seg ut att for å ikkje kome i fare sjølve, fortel Kvenseth.
Røyken er synleg på lang avstand, etter brannen i Engesetdalen.
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK