Hopp til innhold

Jacob vart berga ut av fjellet: – Neste gong kjøper eg satelitttelefon

Sju timars gåtur inni fjellet sleit Jacob Høyberg av lårmuskelen. Jaktradio gjorde at han til slutt fekk hjelp.

Redningsaksjon

Jacob Høyberg hadde store smerter i foten etter eit fall på reinsjakt. Han måtte fraktast til sjukehus i helikopter.

Foto: Håkon Aure

Jacob Høyberg

Jacob Høyberg har vore på reinsdyrsjakt i Dovrefjellet mange gongar. Han nyt fridomen i fjellet.

Foto: privat

For tre veker sidan drog Jacob Høyberg og to kameratar på reinsdyrsjakt i Snøhettaområdet. Dit har dei reist i mange år og er godt kjende. Gåturen tar seks-sju timar og mobildekninga er dårleg. Kun frå eit par fjelltoppar går det an å ringe.

– Det å vere utan mobiltelefon i fjellet er frigjerande, seier Jacob Høyberg.

Store smerter

Men denne gongen fekk ålesundsmannen verkeleg behov for å ha dekning. I det ulendte terrenget trakka han over og ramla.

Lårmuskelen og sener var slitne av og 47-åringen hadde store smerter. I sekken hadde jegerane med smertestillande, som verka såpass at Jakob klarte å gå i tre kvarter medan han støtta seg til jaktkameratane. Planen var å kome seg til ei hytte ein dryg time unna. Det gjekk ikkje. Den skadde jegeren hadde så vondt at han følte at han ville svime av og måtte legge seg ned.

– Smertene var vanvitige og eg trengde legehjelp, fortel Høyberg, som er glad han ikkje var åleine i fjellet.

Kontakt på jaktradioen

Redningsaksjon

Tre kvarter etter naudsamtalen, kom helikopteret og henta Jacob Høyberg.

Foto: Håkon Aure

Dei vurderte om ein av dei andre skulle gå opp på fjelltoppen for å ringe. Turen ville ta over tre timar. I staden prøvde dei å få kontakt med andre jegerar i området gjennom jaktradio. Heldigvis fekk dei svar. Meldinga om den skadde jegeren gjekk gjennom tre jaktradioar før dei fekk kontakt med ein jeger som hadde mobildekning og kunne ringe naudnummeret. Ambulansehelikopteret frå Dombås kom etter tre kvarter.

– Dei fann oss ikkje først, men vi hadde med nødbluss som vi sendte opp, seier Høyberg.

Jakt i Snøhetta

Å gå i fjellet utan mobildekning er frigjerande, meiner Jacob Høyberg. Neste gong han er på jakt, vil han likevel ha med satellittelefon.

Foto: Håkon Aure

Han vart flogen til Molde sjukehus og vart operert same dag. No må han gå med skinner og krykker i fleire veker.

Kjøpe satellittelefon

47-åringen har slett ikkje mist lysta på å gå i fjellet. Han håper at foten skal lækje seg til vinteren, slik at han kan gå på ski. Men til neste jaktsesong skal han og kameratane investere i satellittelefon. Han meiner at sjølv om ein slik telefon er dyr i bruk, kostar den ikkje mykje meir i innkjøp enn ein skikkeleg mobiltelefon.

Og det er ikkje berre under jakta det kan vere fint å ha ein slik telefon. Like viktig er den på fjelltur utanom jaktsesongen.

– På sommartid er det ingen som kan nåast på jaktradio og går du åleine utan mobildekning, må du berre vente på at nokon saknar deg, seier Høyberg.

Kan ikkje gardere seg

Espen Farstad

Espen Farstad i Norges jeger og fiskeforbund seier det er viktig at jegarar utan mobildekning gjer klare avtalar på førehand.

Foto: privat

Espen Farstad, informasjonssjef i Norges jeger og fiskeforbund,kjenner få jegarar som investerer i satelittelefon. Han meiner det ikkje er noko i vegen for å kjøpe slike, men veit at dei fleste synest det vert for dyrt.

– Det går aldri an å gardere seg 100 prosent når ein er i fjellet, og slik må det vere. Dersom ein ikkje vil ta ein risiko, er det betre å halde seg heime i stova, seier Farstad.

Leiteaksjonar

Med jamne mellomrom vert jegerar meldt sakna. Førre veke var det stor leiteaksjon i Sunndalsfjella etter ein 82 år gamal jeger som ikkje hadde latt høyre frå seg på fleire dagar. Jegeren vart funnen i god behald.

Og nettopp det at familie forventar at jegerane ringer heim frå fjellet, er eit problem. Det meiner Espen Farstad.

– Ofte er vi i område utan mobildekning og det er jo ikkje normalen i dag. Det vanlege er at folk er tilgjengeleg heile døgeret. Difor er det viktig at dei heime ikkje uroar seg av den grunn, seier Farstad.

Han meiner jegerane må ha gode rutinar, der ein gjer klare avtalar på førehand.

– Vi kan ikkje slutte å bevege oss i norsk natur. Jegerar må få lov å gå åleine utan mobildekning, seier Farstad.