NRK Meny

Redd for rekrutteringa

Ordførarane på Nordmøre fryktar at sjukehuset i Kristiansund mister viktige funksjonar når helseføretaket skal spare 630 millionar kroner dei neste sju åra. Leiar i ordførarkollegiet, Ingunn Golmen ber styret i helseføretaket sjå på helsetilbodet i heile fylket når det no skal sparast. Dersom tilbodet ved sjukehuset blir nedbygd, er Golmen redd for rekrutteringa.