Hopp til innhold

Padlarar risikerer å spreie laksesmitte

I Noreg har over 30 elvar vorte smitta av lakseparasitten «gyro». Mange er bekymra for at tilreisande padlarar og raftarar vil spreie smitta i enda fleire elvar. Mattilsynet meiner at grunneigarane må ta ansvar.

Leder for Stordal elveeierlag, Kjell Magne Moe, i Stordalselva

No fryktar Stordal elveeigarlag at padlarar og raftarar, som ikkje desinfiserer utstyret sitt, skal spreie laksesmitta. Her er Stordalselva og leiar Kjell Magne Moe.

Foto: PRIVAT

Leder for Stordal elveeierlag, Kjell Magne Moe

– Det skal ikkje meir til enn ein dråpe, seier Moe.

Foto: PRIVAT
Knut Rønningen - Mattilsynet

Knut Rønningen, meiner at elveeigarlaga må ta ansvar.

Foto: Mattilsynet

Fleire vassdrag i Møre og Romsdal har fått påvist lakseparasitten «Gyrodactylus salaris». Blant desse er Rauma, Sunndal og Måna som renn ut i fjorden ved Måndalen. I tillegg har fleire sideelvar fått øydelagt laksebestanden på grunn av denne parasitten.

No fryktar Stordal elveeigarlag at padlarar og raftarar, som ikkje desinfiserer utstyret sitt, skal spreie laksesmitta.

– Det skal lite til

Leiaren for elveeigarlaget, Kjell Magne Moe, håpar å få hjelp frå Mattilsynet.

– Det skal ikkje meir til enn ein dråpe vatn frå ei smitta elv. Viss den dråpen finn vegen til Stordalselva så har vi det gåande, seier Moe.

Han meiner at padlarar og raftarar er for dårlege til å desinfisere utstyr – noko som vil føre til stor smittefare.

Kven har ansvaret?

Fungerande regiondirektør i Mattilsynet, Knut Rønningen, vil at elveeigarlaga sjølv skal ta ansvar for å hindre vidare smitte.

– Konklusjonen er at brukarane av elva, og andre som har tilknyting til vassdraget, har ansvaret for dette, meiner den fungerande direktøren.

Vanskeleg å halde oversikt

Leiaren av elveeigarlaget i Stordal seier at det vil bli vanskeleg å halde styr på kven som padlar i elva og ikkje.

– Vi som grunneigarar er ikkje direkte involverte når folk kjem for å padle. Vi ser når bilane kjem med kajakkane på taket, men vi grunneigarane kan ikkje springe skogen rundt for å sjå etter padlarar, seier Moe.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL