Hopp til innhold

Under vatnet ligg det ei seter

Heilt sidan 1900-talet har den oversvømte setra i Norangsdalen vore ein attraksjon. No fryktar bygda at dykkarar øydelegg kulturminnet.

Heilt sidan 1900-talet har den oversvømde setra i Norangsdalen vore ein attraksjon. Vegvesenet fryktar at dykkarar øydelegg kulturminnet.

Folk frå heile Europa kjem for å dykke i Lygnstøylvatnet. Faren er at kulturminnet skal verte øydelagt.

Frå heile Europa kjem det turistar til Lygnstøylvatnet i Nordangsdalen på Sunnmøre. Dei vil oppleve det som blant dykkarar vert kalla undervassbyen. Her ligg det ei seter som vart overfløymd i 1908, då det kom eit stort steinras. Raset blokkerte elva og vatnet steig slik at setra vart liggande under vatn.

Meldingar om at dykkarar øydelegg, har skapt eit engasjement. Dei første dykkarane som kom til staden byrja å grave for å finne myntar.

– Dei fann toøringar frå gamledagar som turistane hadde kasta ut i vatnet, fortel Steffen Nordang.

Han fryktar at dersom alle dykkarar skal setje spor etter seg, vil kulturminnet verte øydelagt.

Ber om varsemd

Lygnstøylvatnet

No har det kome opp skilt der dykkarar vert åtvare mot å øydelegge når dei dykkar.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

No har Volda dykkarklubb, Statens vegvesen og Ørsta kommune gått saman for å prøve å ta vare på kulturminna. På skilta ved vatnet ber dei dykkarar om å ikkje flytte på steinar eller grave i botnen. Tavlene skal også gi turistar meir informasjon om setra.

– Vi er fullt klar over at det er ei god historie bak vatnet og at turistane vil vite kva som skjedde her, seier Nordang.

Gamle hustufter

Under vatn kan du fylgje den gamle setervegen og langs vegen står det mykje tre. Det står også stabbesteinar og tufter etter husa som stod her. Restane etter gamle steinmurar står også att.

– Vi såg at det var naudsynt med skilting for å ta vare på kulturminnet, seier kommunikasjonsrådgivar i Statens vegvesen, Wiggo Kanck.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL