NRK Meny
Normal

Redaktør trur Nordhaug blir biskop

Sjefredaktør Helge Simonnes i avisa Vårt Land trur det blir Halvor Nordhaug som tar over etter Odd Bondevik.

Helge Simonnes

Helge Simonnes

Foto: Vårt Land

Halvor Nordhaug

Halvor Nordhaug

Foto: Menighetsfakultetet

Nordhaug har markert seg som ein uredd debattant og teolog, seier Simonnes. - Far hans, Ole Nordhaug, var den første biskopen i Møre. Og med dei teologiske og menneskelege kvalitetane Halvor Nordhaug har, trur eg han er ein veldig sterk kandidat, seier Vårt Land-redaktøren.

Overraskande

- Eg trur det har vore viktig for bispedømmerådet å prege valet ved at det har peikt ut fire kandidatar som alle kan vere spiselege i Møre bispedømme. Det overraskande er at ingen av dei har lokal tilknyting eller brukar nynorsk, og det synest eg er synd for bispedømmet. Å vere biskop inneber å ha nærkontakt med prestane og folket, og det er lettare dersom ein kjenner kulturen frå oppveksten av, seier Simonnes.

 

Øystein Bjørdal

Øystein Bjørdal

Foto: NRK

Oppsiktsvekkjande

- Mest oppsiktsvekkjande er det at domprosten i Molde, Øystein Bjørdal, ikkje er kandidat. Det synest eg er merkeleg dersom han sjølv har vore villig. Han har markert seg som meir høgkyrkjeleg enn dei andre, og det kan vere det som ligg bak, seier sjefredaktør Helge Simonnes.