Hopp til innhold

Reagerer sterkt på overgrep mot dement

– Forferdeleg trist, seier generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Lisbet Rugtvedt, etter at ein sjukeheimspasient skal ha forgripe seg mot ein dement medpasient.

Nasjonalforeningen for folkehelsen, Lisbet Rugtvedt

Generalsekretær Lisbet Rugtvedt i Nasjonalforeningen for folkehelse ser svært alvorleg på at ein dement pasient kan ha vorte utsett for seksuelt overgrep på ein sjukeheim.

Foto: Frans Kjetså

Pårørande melde våren 2016 frå om at faren kan ha vore utsett for eitt seksuelt overgrep frå ein medpasient på ein sjukeheim. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har etter granskinga av saka slått fast at kommunen har brote lova både når det gjeld forsvarleg drift og journalføring.

Nasjonalforeningen for folkehelse reagerer sterkt på hendinga, og meiner at lovbrotet er svært alvorleg.

– Det er veldig alvorleg at kommunen ikkje har skikkelege system som kan beskytte menneske på sjukeheimar mot overgrep, seier generalsekretær Lisbet Rugtvedt.

– Opprørande for dei pårørande

Begge dei to involverte skal ha vore demente då overgrepet skal ha skjedd, og ingen av dei kunne gjere skikkeleg greie for kva som faktisk hende inne på pasientrommet.

Rugtvedt understrekar at det er spesielt viktig at ein er oppmerksame på den sårbarheita som personar med demens har.

– Personar med demens er sårbare. Dei er ofte ikkje er i stand til å beskytte seg sjølv og ofte klarer dei heller ikkje å fortelje heilt kva som har skjedd.

I brevet frå Fylkesmannen til kommunen vert det understreka at det er stor risiko for uventa situasjonar på avdelingar med demente, og at dette kan få alvorlege følgjer for pasientane.

– Eg skjønar dette må vere veldig opprørande for dei pårørande og at det er forferdeleg trist når noko slikt skjer, seier Rugtvedt.

Sikre tryggleiken

Den aktuelle kommunen får også kritikk for å ha brote lova ved å ikkje ha journalført hendinga hos nokon av dei involverte, og for å ha utlevert deler av journalane til politiet, utan å varsle dei pårørande.

Generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelse, Lisbet Rugtvedt, seier det er veldig viktig at sjukeheimar har både den kompetansen og dei systema som må til for å sikre tryggleiken for dei som bur der.

– Ikkje minst må dei sørgje for at alle pårørande også kan vere trygge på at deira kjære vert ivartekne på ein god måte, seier generalsekretær Rugtvedt.

Saka lagt bort av politiet

Kommunen har no fått frist til 1. mai med å utarbeide forsvarlege rutinar.

– Det er viktig at ein lærer av ei slik hending og få augene opp for at dette kan skje også blant personar på ein sjukeheim, seier Rugtvedt, og fortel at det er sjeldan Nasjonalforeningen for folkehelse høyrer om slike saker.

Saka er meld til politiet, men blei lagt bort på grunn av mangel på bevis.