Hopp til innhold

Reagerer på varsel

Eit foreldrepar på Sunnmøre reagererer på at legevakta og sjukehuset i Ålesund slo alarm då dei kom dit med barnet sitt i fjor vår. Barnet hadde to blåkular i hovudet etter eit angiveleg fall, og legane varsla politi og barnevern fordi dei meinte det var mistenkeleg. Foreldra meinte helsepersonellet braut teieplikta, men fylkeslegen viser til at helsepersonell har plikt på seg til å varsle ved mistanke om mishandling eller grov omsorgssvikt.