Hopp til innhold

Reagerer på utspel frå Solberg

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) kritiserer regjeringa sin nye vaksinestrategi, og reagerer på Ålesund-utspel frå statsminister Erna Solberg (H). Det skriv Dagbladet.

– Dei har eigentleg hatt lite smitte i Ålesund, så får vi håpe at det eine smitteutbrotet har lært dei ei lekse om at smittevernreglar må takast på alvor, sa Solberg til avisa onsdag.

Aurdal er bekymra over at regjeringa vil skeivfordele fleire vaksinar. Ho trekkjer mellom anna fram at det framleis er helsepersonell ved Ålesund sjukehus som ikkje er vaksinert.

– Utsette grupper, som eldre med underliggjande sjukdommar og helsepersonell som står i fremste rekkje i koronamottak, kan ikkje settast på vent fordi russen på Austlandet blir prioritert, seier Aurdal til Dagbladet.

Eva Vinje Aurdal
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL