NRK Meny
Normal

Tamilar svartelista på Sri Lanka

Tamilsk lokalpolitikar i Ulstein, Steven Pushparajh er på ei verdsomfattande svarteliste frå styresmaktene på Sri Lanka. Det reagerer han kraftig på.

Tamilsk lokalpolitikar i Ulstein, Steven Pushparajh er på ei verdsomfattande svarteliste frå styresmaktene på Sri Lanka. Det reagerer han kraftig på.

Tamilsk lokalpolitikar i Ulstein, Steven Pushparajh, reagerer sterk på at tamilar er svartelista på Sri Lanka.

Det er meir enn 25 år sidan han kom til Noreg og Hareid. I dag er Steven Pushparajh busett i Ulstein og er med i kommunestyret for Høgre.

– Der står det, seier Pushparajh, og viser at han står på ei liste som styresmaktene har lagt ut på internettet.

Steven Pushparajh mislikar sterkt at han står på ei slik liste.

– Dette påverkar veldig mykje privat, ikkje minst slektningane mine som bur på Sri Lanka, seier han.

– Den største verdien me taper, det er at Sri Lanka si regjering planlegg å kutte det demokratiske arbeidet mellom eksil-tamilane og dei demokratisk valte politiske organisasjonane i heimlandet, seier han.

Får støtte av ordføraren

For kort tid sidan var Hareid-ordføraren med Steven Pushparajh til Genève der FNs menneskerettsråd vedtok å granske om det vart gjort krigsbrotsverk under krigen på Sri Lanka. Ordføraren har heller ikkje sansen for svartelista som er lagt ut.

– Krigen er over på Sri Lanka, og terrorverksemda som har vore definert tidlegare er det slutt på, seier Anders Riise.

Han seier at ei svarteliste er svært ubehageleg for dei det gjeld.

– No er det demokratiske prosessar og no er det om å gjere å få tilbake det gamle livet, og få eit Sri Lanka som fungerer der både Senegalesarar og Tamilar kan fungere fint saman att, seier han.