Biletet viser ein fallskjermhoppar i fritt svev i Trollveggen i Romsdal. I teksten under står det "frå Trollveggen til Atlanterhavsvegen - kontrastane er store i Møre og Romsdal".
"Reklameeffekt"
Som ein følgje av fleire ulykker i samband med fallskjermhopping frå fjell, har politimeister Arnstein Nilssen gjennom lengre tid vurdert å utvide hoppforbodet til også å omfatte andre fjell her i fylket. No fryktar han at hoppbiletet til MRF kan vere med å trekke fleire hopparar til Trollveggen.
Nilssen vil ikkje foreta seg noko i forhold til MRF. Biletet i seg sjølv er ikkje ulovleg og kan også vere teke før hoppforbodet vart innført på midten av 80-talet.
Spektakulært
Assisterande direktør Anker Grøvdal i MRF
Assisterande direktør i MRF, Anker Grøvdal, seier at dei ville bruke biletet for å marknadsføre den spektakulære naturen i fylket. Biletet er innkjøpt av MRF til bruk i ruteheftet. I følgje Grøvdal gjorde selskapet ei grundig vurdering før dei brukte biletet.