Høgskulelektor Gunn Nyland seier utdanninga tilsvarar ein høgskulegrad på linje men den sjukepleiarstudentar oppnår.
Ho meiner det er naturleg at dei også driv forsking på homøopati.
Ikkje vitskaplege resultat
Overlege Terje Hasselgård meiner at høgskular og universitet skal drive forsking som kan etterprøvast. Innan homoøpatien har det vore forsking, utan at ein har kome fram til vitskaplege resultat. Men likevel seier mange av dei som har fått behandling at dei har fått hjelp via homøopatien. Hasselgård synest difor at det hadde vore betre om Høgskolen i Molde hadde forska på desse verknadane.
Glad for engasjementet
Høgskulelektor Gunn Nyland ved Høgskolen i Molde er sjølv utdanna homøopat. Ho er glad for at legane engasjerer seg, men meiner at Hasselgård kjem med lite nytt.
Homøopatistudiet skal vere eit høgskulestudie som skal føre fram til ein bachelorgrad. Dette er same grad som til dømes sjukepleiarstudentane og vernepleiarstudentane får. I forlenginga av dette meiner Nyland at det er naturleg at ein også driv med forsking for å få vite meir om verknadane av homøopati.