Hopp til innhold

Reagerer på forskjellsbehandling av fråværsreglar

Elevar på vidaregåande reagerer på at dei nye fråværsreglane ser ut til å variere frå fylke til fylke.

Elevrådsleiar Sara Frøysa

Elevrådsleiar Sara Frøysa ved Ålesund vidaregåande skole reagerer på at dei nye fråværsreglane ser ut til å variere frå fylke til fylke.

Foto: Remi Sagen / NRK

Torsdag blei det klart at elevar i Sogn og Fjordane får fri til obligatoriske kurs i langkøyring, glattkøyring og oppkøyring. Også i Rogaland kan elevane får gyldig fråvær i samband med køyretimar.

Mange elevar har protestert etter at nye fråværsreglar vart gjeldande frå august. Regelendringa gjer at elevar berre kan ha 10 prosent fråvær i kvart fag, dersom dei skal få karakter i faget. Noko som mellom anna kan gjere det vanskeleg for elevar å gjennomføre obligatorisk køyreundervisning.

Elevrådsleiar Sara Frøysa ved Ålesund vidaregåande skole meiner det blir feil å ha ulike reglar frå fylke til fylke.

– Eg reagerer veldig negativt på det og synest det er urettferdig. Eg meiner det er veldig dumt dersom det skal vere lov nokre plassar, men ikkje overalt, seier ho.

– Kjempedårleg

Også Elevorganisasjonen har reagert på dei nye fråværsreglane, og meiner at ulik tolking av reglane gjer at elevane blir utsett for urettferdig forskjellsbehandling.

Jasmin Stafseth

Jasmin Stafseth (18) frå Ålesund er glad for å ha fått lappen, men risikerer samtidig å stryke i gym.

Foto: Remi Sagen / NRK

Jasmin Stafseth (18) frå Ålesund er ein av mange elevar som står i fare for å stryke i fag på grunn fråvær knytt til førarkortet. Torsdag kunne ho endeleg glede seg over å ha fått førarkortet, men feiringa hadde likevel ein bismak.

– Eg måtte ta to timar fri frå gym til oppkøyringa, så eg har allereie nådd fem prosent fråvær i det faget og vil dermed få varselbrev. No kan eg berre vere borte ein gong til før jul. Eg synest det er kjipt, spesielt når det er på grunn av oppkøyring, seier ho.

Stafseth synest det er feil fråværsreglane no ser ut til å variere frå fylke til fylke.

– Eg synest det er kjempedårleg, det burde vore innført her også. Det er mange elevar som slit med dette no og det hindrar elevar i å ta lappen, seier ho.

Bør behandle alle elevar likt

Fylkesutdanningssjef Erik Brekken seier reglane i Møre og Romsdal følgjer nasjonale retningslinjer.

– Eg kan ikkje svare for anna enn det vi gjer i vårt fylke og vi følgjer dei retningslinjene som blir gitt frå Utdanningsdirektoratet. Det kjem vi til å fortsette å gjere så lenge vi ikkje får ein beskjed om at vi skal behandle fråværet annleis, seier han.

Brekken meiner likevel at det ikkje er bra dersom det blir forskjell mellom fylka.

– Eg tenker at all behandling av elevar skal gjerast så likt som mogleg i heile landet, det er kjempeviktig. Det står også i opplæringslova at vi ikkje skal gi nokre elevar fordelar framfor andre, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL