Hopp til innhold

Avlyser alle handballkampane sjølv om ingen er smitta

Kommunelegen i Rauma har avlyst alle handballkampar. Det får fleire til å reagere.

Handballkamp i Isfjordhallen 2019

Handballaga i Rauma får ikkje spele kampar før nabokommunane har fått kontroll på koronasmitten.

Foto: Arne Peder Grøvdal

I idrettshallar rundt om i heile landet blir det spelt handballkampar i helga, men ikkje i Rauma. Her er det lagt ned forbod. Kommunelege Jon Sverre Aursand er livredd for at spelarane skal dra med seg koronasmitte frå nabokommunane.

Jon Sverre Aursand

Kommunelege i Rauma, Jon Sverre Aursand, forbyr kampar for handballaga i Rauma.

Foto: Rauma kommune

– Dette er ein kontaktsport med langt mindre enn ein meters avstand, der ein pustar rett på kvarandre. Det er ein betydeleg risiko for at ein kan overføre smitte, sjølv om ein ikkje har utvikla sjukdom sjølv, seier Aursand.

Kommunelegen har bestemt at alle kampar blir sett på vent til nabokommunane har fått kontroll over smitten. I Molde førte smitteutbrot frå pensjonistbussen til at fleire hundre måtte i karantene.

Erik Langerud

Erik Langerud er generalsekretær i Noregs handballforbund.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

–Lite smitte frå idretten

Generalsekretær i handballforbundet, Erik Langerud seier at det blir spelt om lag 10.000 handballkampar kvar veke. Han meiner at det er synd at kommunelegen i Rauma avlyser kampane.

– Vi må respektere kommunelegane og kan ikkje utfordre dei faglege vurderingane, men det er veldig lite smitte som kjem frå idretten, seier Langerud. Han erfarer at det er svært få kampar som har blitt avlyst i landet, og veldig få i barne- og ungdomshandballen.

– Idretten er limet i mange lokalsamfunn, så ein bør vere veldig sikker før ein avlyser, seier Langerud.

Tone Westrum Pedersen og Rolf Erik Pedersen er handballdommarar

Tone Westrum Pedersen og Rolf Erik Pedersen reiser rundt og dømmer handballkampar. Dei er imponerte over klubbane sine smittevernrutinar.

Foto: privat

Forstår ikkje

Dommarparet Tone Westrum Pedersen og Rolf Erik Pedersen frå Rauma reagerer kraftig på at kommunelegen har avlyst kampane.

– Hadde det vore stor smittespreiing i Rauma hadde eg skjønt det, men det er jo ingen smitta. Det er uforståeleg, seier Tone Westrum Pedersen.

Dei meiner at kommunelegen si avgjerd skaper trøbbel for alle andre klubbar i Møre og Romsdal. Dei tapte kampane må flyttast og dermed blir det ein jobb logistikkmessig.

I Molde, der det har vore smitteutbrot, meiner klubben at det fint går an å arrangere kampar, så lenge ein fylgjer smittevernreglane.

– Det er synd at barn og unge som har gledd seg til å spele kamp, ikkje får det, seier Audun Gjerde, som er nestleiar i Molde håndball breidde.

Bekymra trenarar

Det er delte meiningar om avgjerda innanfor handballmiljøet i Rauma. Leiar i Åndalsnes idrettsforeining håndball, Torkild Åndal, seier at fleire av trenarane har vore bekymra når dei spelar kampar i kommunar med meir smitte.

– Nokre vil ha kampar, andre ikkje, seier Åndal. Handballtreningane i kommunen går som normalt.

Konstituert leiar i Isfjorden IL håndball, Karina Westrum Grøvdal vil ikkje kommentere saka og seier at klubben fylgjer kommunelegen sine retningsliner.

Betre å vere for streng

Kommunelege Jon Sverre Aursand forstår at det kjem reaksjonar, men han vil ikkje risikere at koronasmitte skal få ringverknader i heile kommunen og gi store konsekvensar for den som blir sjuk.

– Det er betre at ein er for streng enn at ein er for lite streng akkurat no, seier Aursand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL