NRK Meny
Normal

Forstår ikkje at innbrotsmistenkte går fri

Rolf Forsland og familien vart fråstole sølv og arvesmykke. Han reagerer på at to av dei som er mistenkte for innbrotet, er sett fri på grunn av mangel på fengselsplass.

Innbrudd hos Rolf Forsland i Brattvåg

Tjuvane tok med seg sølvtøyet frå skapet i stova til Rolf Forsland.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

For ei veke sidan oppdaga Rolf Forsland og kona at det hadde vore innbrot i einebustaden deira i Brattvåg. Tjuvane hadde kome seg inn gjennom eit vindauge på baksida av huset og tatt med seg familien sitt sølvtøy og arvegods. For Rolf Forsland har nattesøvnen vore dårleg sidan då.

– Eg har hatt problem med å sove om natta. Eg vaknar og synest eg høyrer lydar og er var for alt mogleg, seier Forsland.

Innbrudd i Brattvåg i Haram

På tre stader i Haram vart det meldt om innbrot. Fredag arresterte politiet fem menn, mistenkte for å stå bak.

Foto: Hilde Ellingsæter

Fem menn er sikta

Fredag vart fem menn frå Litauen arresterte, mistenkte for å stå bak fleire tjuveri. Den siste tida har det vore tre innbrot i Haram, eitt i Ålesund og eit innbrotsforsøk i Skodje. Politiet fann verdisaker som kjem frå nokon av desse innbrota, då dei arresterte mennene. Tre av mennene er varetektsfengsla, medan dei to andre førebels vart lauslatne fordi det ikkje var plass i fengsel.

Rolf Forsland likar ikkje at to av dei mistenkte mennene går fri.

– Eg forstår berre ikkje at det kan gå an, seier Forsland.

Må ha nytt fengsel
Dag Olav Tennfjord
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Dag Olav Tennfjord er prosjektleiar for nytt fengsel på Sunnmøre. Han meiner dette er eit stjerneeksempel på kvifor det er behov for eit nytt fengsel.

– Ut frå folketalet skulle Sunnmøre og Nordfjord hatt 150 fengselsplassar, men vi har 27, seier Tennfjord. Han har vore i kontakt med Justisdepartementet om behovet for nytt fengsel. Dei vil ha ei konseptutgreiing før dei vedtek ei løysing for fengselsplassar på Vestlandet. Det er planlagt nytt fengsel på Digerneset i Skodje. Fengselet i Ålesund er over 150 år gamalt.

– Behovet for nytt fengsel er prekært, seier Tennfjord. Han meiner situasjonen er uhaldbar for Sunnmøre og at det ikkje er naudsynt med ei utgreiing.

Det skal settast i gang ei utgreiing av fengselssituasjonen for Vestlandet i 2017, der ein tar ein grundig gjennomgang av dagens tilstand og behov i kriminalomsorga.