NRK Meny
Normal

Fjord1-tillitsvald reagerer kraftig på Widerøe-kjøpet

På måndag la Fjord1 ned Molde-kontoret med 32 tilsette, som eitt av fleire sparetiltak. Underskotet for 2012 var på 100 millionar. Fire dagar seinare er dei éin av Widerøe-kjøparane. – Rein provokasjon, meiner tillitsvald.

Widerøe

Så langt har Fjord1 drive med sjøfart og ferjedrift. No lettar dei og blir ein del av luftfarta gjennom kjøpet av Widerøe.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

– Vi stiller oss uforståande til satsinga som Fjord1 i dag frontar, seier Hilde Vilnes.

Ho er tillitsvald i fagorganisasjonen Negotia, Fjord1.

– Bakgrunnen for nedlegginga i Molde er dårleg og svak økonomi.

Når det no blir sagt i media at det er med bakgrunn i solid økonomi at Fjord1 går inn i Widerøe, så stiller vi oss uforståande til det, fortel Vilnes til NRK.

Hilde Vilnes

Tillitsvald i fagorganisasjonen Negotia, Fjord1, Hilde Vilnes, reagerer på Fjord1 sin del av Widerøe-kjøpet.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Skal spare inn 40 millionar

For måndag blei det klart at Fjord1 legg ned kontoret i Molde med 32 tilsette. Kontoret skal samlokaliserast med kontoret i Florø, og nedlegginga er eitt av mange sparetiltak.

Fjord1 hadde nemleg eit underskot på 100 millionar kroner i 2012, og nærmare 40 millionar kroner skal dei spare inn gjennom ulike tiltak.

Dei 32 personane som jobbar ved Fjord1-kontoret i Molde har fått tilbod om omplassering til Florø, men 32 arbeidsplassar forsvinn frå romsdalsbyen.

– For dei fleste er det heilt urealistisk med pendling til Florø, og det blir mange berørte utover dei 32 òg, seier Vilnes.

– Kva føler du på vegner av dei 32 som mistar jobben, eller blir omplassert, når Fjord1 same veke er med på kjøpet av Widerøe?

– Det er rein provokasjon. Det kjem i tillegg før ting er avklara i Molde.

Saka held fram under bildet.

Fjord1

Fjord1 gjekk med eit dundrande underskot i 2012, der fleire feilslåtte anbod tilbake i tid fekk ein stor del av skulda.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Ein høg risiko

Det er SAS som no sel Widerøe, der Torghatten AS, Fjord1 og Nordland fylkeskommune kjem inn på eigarsida. SAS vil framleis eige 20 prosent av selskapet.

– Vi er kjent med dei andre aktørane, og Torghatten driv i same bransje, seier Vilnes.

– Men vi stiller oss veldig undrande til at Fjord1 har ryggrad til å investere i denne storleiken, når dei samstundes ikkje har økonomisk grunnlag for å drifte eit kontor i Molde.

Vilnes meiner i tillegg at Fjord1 sym inn i ukjent farvatn.

– Det er ei heilt anna næring enn det som har vore hovudnæringane, sjøfart og ferjedrift. Mange har prøvd seg i flybransjen utan hell, og det å gå inn i nok ei næring basert på anbod meiner eg er å ta ein høg risiko.

Reidar Sandal

Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, føler seg trygg på Widerøe-kjøpet.

Foto: NRK

Styreleiaren føler seg trygg

NRK har forsøkt å kontakte både administrerande direktør Leif Øverland og styreleiar Reidar Sandal i Fjord1, etter intervjuet med Hilde Vilnes, utan hell.

Tidlegare fredag uttalte derimot Sandal til NRK at han føler seg trygg på at Widerøe-kjøpet ikkje blir eit tapsprosjekt.

– Widerøe har ein avtale om å utføre flytransport på kortbanenettet over heile landet, og driv i tillegg ein del kommersielle ruter. Vi har god tru på at det er pengar å tene på å vere medeigar i Widerøe, sa Sandal.