Festivalsjef Frode Nakken tek i mot Bare Egil.
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRKAlt er klart for festivalhelg på Åndalsnes.
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRKTo karar som vil sikre seg billettar i god tid.
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRKThe Pink Robots på scenen under Raumarock fredag.
Foto: Anne-Bente Skjellum / NRKFestivalsjef Frode Nakken har full kontroll på det som skal skje på Åndalsnes denne helga.
– Festivalpulsen er akkurat der han skal vere, seier han til NRK.
Enklare booking
Raumarock har i år fått tak i artistar som Gåte, Åge og Sambandet, John Olav Nilsen & Gjengen, Datarock og Bare Egil. Festivalsjefen seier bookinga går bedre for kvart år.
– Det blir lettare og lettare. Første åra måtte vi ringe verda rundt og mase og mase. Dei siste åra er vi blitt lagt merke til. Artistar tek kontakt med oss, seier festivalsjefen til NRK.
Raumarock vart første gang arrangert i 2002.
Overrasking
Også i år blir det ei overrasking på Raumarock. I fjor var det Kaizers Orchestra som overraska publikum med å dukke opp på scenen.
– Det var ein suksess i å hemmeleghalde ein «headliner», så vi prøver i år igjen, seier Frode Nakken.
– Folk veit at det blir eit stort band, det er alt dei veit. Så får vi den snakkisen, interessen og gjettinga gjennom sommaren.
– Og kven er overraskinga i år?
– Ja, det er....nei det får de vite i morgon kveld, smiler Nakken.