Utdanningsdirektør Per Hoem forsikra om at det ikkje er planar om noko nytt konkurrerande restaurant- og matfagtilbod frå hausten i Molde slik dei har frykta i Rauma.
Dei moderniserte og dei nye bygningane ved skulane i Molde har ikkje rom til ei slik ny utdanning, og det er ikkje sett av pengar til fleire bygningar.
Redde for skulen sin
Mobiliseringa i Rauma for å trygge skoletilbudet er grunna i frykt for at politikerane i fylket gjennom den kommende økonomiplanen legg opp til sentralisering og satsing på byskolane.
Raumaordførar Torbjørn Rødstøl. Foto: Gunnar Sandvik
Raumaordfører Torbjørn Rødstøl er meir beroliga etter møtet på Fylkeshuset i dag, der han fekk ei grundig orientering om utdanningsplanane som fylket legg opp til gjennom økonomiplanen.
Delegasjonen frå Rauma i møtet på fylkeshuset.
Må søke eigen skule
Fylkesordfører Jon Aasen tror engasjementet kan føre til at fleire unge i Rauma søker utdanning i eigen skole og syns også dei kan vere trygge på kokkelinja si framtid.
Likevel må dei kjempe for å berge distriktsskulane sine både i Rauma og andre utkantar, seier Jon Aasen. Dei som høyrer til skulen må slutte opp om sin eigen skule, seier han.
Lyd og video
- Høyr utdanningsdirektør Per Hoem - Om at det ikkje er plass for nytt restaurant- og matfagtilbod ved Moldeskulane
- Ordførar Torbjørn Rødstøl etter møtet - Intervjua av Gunnar Sandvik
- Fylkesordførar Jon Aasen - Om kokkelina og Rauma vidaregåande skule
- HØYR OPPTAK FRÅ HEILE MØTET (ca: 50 min) - Med fylkesordførar Jon Aasen, ordførar i Rauma Torbjørn Rødstøl, Arnt Øyvind Siem i Nordveggen AS og Egil Grindvik i Ressurs RVS