Hopp til innhold

Raumabana ikkje ramma så langt

Streiken blant lokomotivførarane i NSB har så langt ikke hatt følgjer for togtrafikken på Raumabana.

Raumabanen i Romsdal

Berre eit par stengde avgangar på Dovrebana har fått konsekvensar for Raumabana.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

I dag blei streiken utvida, men då er det særleg reisande frå Oslo sentrum i retning Ski og Moss har problem.

Også andre lokaltog blir berørte på Austlandet og i Bergen. Enkelte regiontog blir også innstilde som følgje av streik, opplyser NSB i ei pressemelding.

Ifølge pressevakt Håkon Myhre i NSB har ringverknadene i liten grad ramma Raumabana.

Eit par stengde avgangar

Håkon Myhre

Pressevakt Håkon Myhre oppmodar reisande til å sjekke om togreisa går heilt fram eller får ein stopp på Dombås.

Foto: Erik Engen / NRK

– Raumabana er slik at ein som regel ønskjer å reise vidare frå Dombås, anten nordover til Trondheim eller sørover mot Oslo. Og på Dovrebana har vi hatt eit par lokførarar som er i streik, og dermed avgangar som har vore stengde.

Streiken i Lokomotivmannsforbundet starta torsdag i førre veke etter at meklinga mellom LO Stat og Spekter braut saman.

Striden står om kva krav som skal bli stilte til opplæringa til lokførarane. Lokførarnae vil ha dagens krav inn i tariffavtalen, medan NSB vil avvente krav frå styresmaktene.

Frå i dag er 118 lokførarar i streik. Det er 33 i Moss, 29 i Ski, 28 i Lillestrøm, 19 i Oslo, sju i Bergen, ein i Trondheim og ein i Kristiansand.

– Med nsb.no eller appen til NSB kan ein enkelt finne ut om den avgangen ein skal vere med går heile vegen eller ikkje, seier Myhre.