NRK Meny
Normal

Slik skal Rauma vekse

Rauma kommune ønskjer å vekse. I dag presenterte administrasjonen ein plan for korleis Rauma skal utvikle seg.

ÅNDALSNES

Store deler av pengane som ifølgje planen skal brukast til å gjere Rauma meir attraktiv, skal brukast til infrastrukturutvikling på Åndalsnes.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Rådmannen i Rauma er slett ikkje smålåten i forslaget om vekst i kommunen. Det skal bli fleire folk i kommunen, det skal bli fleire arbeidsplassar, og det skal byggjast fleire bustader.

  • 400 fleire innbyggjarar
  • 300 fleire arbeidsplassar
  • 200 fleire bustader

Raumasamfunnet får tilbakegang og forvitring hvis vi ikke fornyer oss og tar grep for å posisjonere oss på nytt i et samfunn med store endringer.

Rådmannens forslag til kommuneplan
  • Gjer Rauma kommune nok? Foreslår rådmannen dei rette tiltaka? Kom med DINE forslag til korleis Rauma kan utviklast. Skriv i kommentarfeltet under artikkelen.

Verdas beste naturkommune

Rådmannen i Rauma legg vekt på at kommunen både er verdas beste kommune for naturglade menneske, har eit godt næringsliv og har gode menneskelege ressursar.

Men han er tydeleg på at Rauma i dag ikkje er attraktiv nok for ny busetnad og vekst i folketalet. No vil han at Rauma kommune skal satse 100 millionar kroner på ulike samfunnsutviklande tiltak fram mot 2017.

Trollstigen i Møre og Romsdal

Fjella, med Trollstigen, Trollveggen og Romsdalshorn har gitt Rauma mykje av identiteten sin. No kan kommunen kome til å satse stort på å vekse.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Bred einigheit i formannskapet

Ordfører i Rauma, Lars Olav Hustad, fortel at det er eit samla formannskap som står bak dette forslaget.

– Formannskapet er einig i hovudretninga i dette, men alle er også einige i utfordringsbiletet, seier han.

Han erkjenner at det likevel nok vil bli utfordrande diskusjonar under budsjettforhandlingane i desember.

– Men eg håper vi skal kome i hamn med hovudbiletet, seier han.

For formannskapet er ikkje einige i kva slags postar investeringane skal tas i frå.

Slik utvikla folketalet seg

Folketalet i Rauma var på sitt største i 1987. Då budde det 7810 innbyggjarar i kommunen. Frå dette tidspunktet gjekk folketalet nedover til 2003. Då stoppa det på botnnivået 7312. Etter dette har folketalet vakse att, og var 1. januar 2012 på 7428.

Problemet for Rauma er berre at folketalsveksten etter 2003 er lågare enn i landet elles. Også Møre og Romsdal fylke har større folkevekst enn Rauma.

Talgrunnlaget som blir lagt fram i samband med planen, viser også at det er innvandrarar som bergar folketalet i kommunen. På 10 år flytta det 148 personar frå utlandet til kommunen, medan 58 flytta frå Rauma og ut av landet.

I same perioden flytta det fleire norske statsborgarar ut av kommunen enn inn. Den innanlandske flyttebalansen ligg på minus 90.

– Trenden skal snuast

No vil Rauma kommune snu trenden. Dei vil ha fleire folk til kommunen, fleire bustader og fleire arbeidsplassar. Kommunen sitt bidrag er 100 millionar kroner for å legge til rette og å gjere kommunen meir attraktiv.

  • Kommunen vil setje seg ambisjonar, mål og vedta strategi for utviklinga.
  • Skal gjere vedtak som verkar mobiliserande
  • Vil ha leiarskap som er i stand til å kommunisere og gjennomføre planane
  • Ambisjonane skal følgjast opp med prioriteringar, ressursar og innsats.
  • Omstillingsvilje inneber at nokre av dagens løysingar må ofrast for å gje rom til framtidsløysingar.

Dette er tiltaka

I planen blir det skissert ei rekkje tiltak. Målet er at tiltaka skal føre til vekst i Rauma. I fire år, frå 2014 til 2017 vil rådmannen setje av 25 millionar kroner kvart år til følgjande tiltak:

  • Samferdsle/regionforstørring
  • Basis næringsutvikling
  • Eit program for næringsvekst
  • Eig program for reiselivsutkling
  • Tilflytting/innvandring
  • Utvikling av bustader
  • Infrastruktur på Åndalsnes
  • Infrastruktur i bygdene

Den største posten i dette programmet gjeld utvikling av infrastruktur på Åndalsnes. Her er det sett av 15 millionar kroner kvart år, til saman 60 av dei 100 millionar kronene.

Heile planen skal, etter forslaget til rådmannen, finansierast gjennom Kraftfondet, tilskot frå fylkeskommunen, bruk av fond og sal av bustader, kommunale driftsmidlar og gjennom opptak av lån.

Frist for å kome med kommentarar til planen er 15. november. Kommunestyret skal behandle samfunnsplanen og satsinga på 100 millionar kroner i møtet 17. desember.