NRK Meny
Normal

Rauma trappar ned kriseberedskapen

Rauma kommune har vore i full beredskap i meir enn ei veke, i påvente av at fjellpartiet ved Mannen skal rase ut. Skredet let vente på seg og no trappar kommunen ned kriseberedskapen.

Lars olav hustad mannen rauma blikra

Det har vore eit stort press på både kommune, geologar og politi denne veka. Her er Politimeister Arnstein Nilssen, ordførar Lars Olav Hustad og sjefgeolog Lars Harald Blikra på eit orienteringsmøte for pressa og dei evakuerte.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Oddbjørn Vassli

Rådmanne Oddbjørn Vassli seier at kommunen bur seg på at situasjonen kan bli langvarig.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det har vore tøffe dagar både for dei evakuerte, for geologane og for Rauma kommune. Etter at målingane i det rasutsette fjellpartiet ved Mannen viste at fjellet beveger seg fortare enn normalt, har kvardagen blitt snudd på hovudet.

Førre veke måtte dei som bur i området forlate husa sine, fordi ein fryktar at skredet kan kome når som helst. Jarnbana vart stengt og politiet sette ned opphaldsforbod ved fjellet.

Geologane spådde at fjellpartiet ville losne etter massiv nedbør tysdag, men det skjedde ikkje. Derimot stabiliserte fjellet seg, og rørslene har dei siste dagane vore mindre. I går fekk dei evakuerte dra heim og hente eigedelar.

  • LES: Alt om det venta skredet HER

Intens veke

Rauma kommune har hatt full kriseberedskap, men no trappar dei ned.

Mannen

Dei siste dagane har rørslene i fjellet stabilisert seg. Det er framleis stor aktivitet, men ikkje slik som tysdag då geologane trudde raset ville kome innan få timar.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

– Det har vore veldig intenst ei veke, men frå i dag går vi over i ei vaktordning der vi tar 24 timar kvar, fortel rådmann i Rauma, Oddbjørn Vassli.

Vurderer vassbombing

Rauma kommune og politiet har gitt NVE i oppdrag å vurdere om vassbombing kan vere ein metode for å utløyse skredet dersom det dreg ut i tid. Dette har aldri blitt gjort i Noreg før, og det er mykje ein må finne svar på før vatn blir spylt i fjellet av eit brannhelikopter. Både om det er fysisk mogleg å utføre vassbombinga, kvar vatnet skal hentast frå og kva konsekvensane blir. Ein veit ikkje om vatnet til dømes vil utløyse eit større skred og kven som er ansvarleg for det.

Det tar tid å vurdere konsekvensane og er dermed ikkje ei løysing som vert brukt med det første.

– Vi er budde på at det kan ta nokre veker før skredet går, seier Vassli.

Møte med dei evakuerte

Fredag ettermiddag skal kommunen ha møte med dei evakuerte for å diskutere korleis dei skal handtere situasjonen dersom den vert langvarig. Kva evakueringa kostar, er ikkje noko som uroar rådmannen.

– Vi har sagt til dei evakuerte at dei skal skaffe seg det dei treng, utan å diskutere på førehand om det vert dekt av forsikringa eller andre. Vi har ikkje tenkt pengar i den samanhengen og eg er ikkje uroa, seier Vassli.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.
Rørslene i fjellpartiet ved Mannen i Rauma har gitt geologane ved Åknes/Tafjord beredskap uvanleg travle dagar.
I dag møtte justisminister Anders Anundsen dei evakuerte i Romsdalen.