Rauma-pris til laksekjempar

I over 40 år har Vidar Skiri slåst mot lakseparasitt i Rauma. I kveld blei han «Årets Rauma-ambassadør».

– Han har brukt livet sitt til å bevare og forvalte ein ressurs som er svært viktig for Rauma-samfunnet. Engasjementet finn me heilt tilbake til 60-talet da han som liten gut vassa, rodde og fiska i Rauma elv, heitte det frå Rauma næringslag.

Vidar Skiri
Foto: Tore Ellingserer / NRK