NRK Meny
Normal

Her lyser dei ut 43 nye ledige stillingar

Rauma kommune satsar stort for å lokke til seg nye innbyggjarar. Dei jaktar på barnefamiliar og lovar barnehageplass.

ÅNDALSNES

Rauma kommune står klar til å ta imot barnefamiliar. 43 private og offentlege stillingar vert lyst ut.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

På laurdag set Rauma kommune og næringslivet inn annonse om 43 nye ledige jobbar. Dei treng alt frå kultursjef til arkitekt, optikar, bedriftsleiarar og sjukepleiarar. Kommunen har sett seg som mål at dei skal få 400 fleire innbyggjarar og 300 fleire arbeidsplassar dei neste fire åra.

– Lokalt sett er dette eit stort antal stillingar vi lyser ut og det er ei god blanding. Det bør gjere at tokarrierefamiliar skal ha sjanse til å få nye jobbar samstundes, seier Lars Stenerud. Han er styreleiar i Rauma næringslag.

Betre økonomien

Rauma vil ha fleire innbyggjarar for å betre kommuneøkonomien og ventar stor repons på dei 43 utlyste stillingane. I romjula vert det også eit arrangement for utflytta Raumaværingar der dei får informasjon om dei ledige jobbane.

– Vi håper at mange barnefamiliar kjem hit. Vi vil ha kontinuerleg barnehageopptak for å legge til rette, seier Stenerud. Tilflyttarane får også eigne fadrar.

Uvanleg mange stillingar

Stein Atle Veland

Stein Atle Veland er fylkesdirektør i NAV. Han skryt av tiltaket til Rauma kommune.

Foto: NAV

Fylkesdirektør i NAV, Stein Atle Veland seier det er lenge sidan han har høyrt om slike stunt for å få folk til å flytte til ein kommune.

– Eg vil skryte av Rauma og næringslivet for å gå saman. 43 ledige stillingar i ein liten kommune er mykje og langt meir enn det vanlege, seier Veland.

Han synest også at stillingane som er lyst ut, er spanande. Slik han ser det skal det vere arbeid for begge vaksne i ein familie, med både offentlege og private jobbar.

– Dette harmonerer veldig med slik familiar tenkjer dersom dei er nysgjerrige på å flytte ein ny stad, seier Veland.