Hopp til innhold

Trur Rauma slepp lakseparasitt for godt

Ny rotenonbehandling gjer at elveeigarar i Rauma føler seg trygge på at lakseparasitten i elvene deira skal forsvinne ein gong for alle.

Rotenonbehandlinga i 2013

Den omfattande rotenonbehandlinga i Rauma i fjor blir no følgt opp med ein like omfattande aksjon.

Foto: Dag H. Karlsen

Vidar Skiri

Vidar Skiri – kleppar i Rauma og talsmann for elveeigarane.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Eg er trygg på at dette kjem til å gå bra, seier Vidar Skiri som er talsmann for grunneigarane i dei åtte vassdraga som no skal behandlast for andre gong.

Skiri fortel at det er teke nokre få laks i Rauma også i år, men ikkje mange. Men, det er å forvente etter mange år med parasittangrep.

Denne veka skal vi avslutte arbeidet med å bli kvitt parasitten. Då skal vi over i den positive oppbyggingsfasen for alle elvar som har vore infisert her i kommunen, seier Vidar Skiri.

Vidar Skiri er trygg på at Rauma no skal bli fri for lakseparasitten.

SJÅ VIDEO: Vidar Skiri er trygg på at Rauma no skal bli fri for lakseparasitten. (Foto:NRK/Gunnar Sandvik)

–Grundigare behandling

I fleire ti år har lakseparasitt, gyrodactylus salaris på latin, øydelagt mange norske lakseelver, også Rauma og dei sju andre vassdraga inst i Romsdal. Det har blitt gjort forsøk på tiltak for 10 år sidan, men parasitten var tilbake få etter behandlinga med gifta rotenon.

No er kunnskapen og ressursane mykje betre, og i fjor starta ei ny behandling av Rauma i regi av Veterinærinstituttet og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Da blei alle vassdraga i området grundig behandla med rotenon, som tok knekken på all laksen og auren i elvane i området.

Denne veka startar andre runde, som inneber ei ny behandling med rotenon av like stort omfang som i fjor.

Utstyret klart for bruk

På lageret på Setnesmoen ligg no utstyret klart til aksjonen.

Foto: Trond Haukebø/Fylkesmannen

No er den ein overveldande optimisme om at ny rotenonbehandling av Rauma skal friskmelde vassdraget for godt.

– Behandlinga vil vere mykje grundigare enn sist. Alle stader det har blitt gjort to behandlingar to år på rad, har vore vellukka, seier Skiri til NRK.

Erfaring frå Steinkjer

Trond Haukebø

Prosjektleiar Trond Haukebø hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal har trua på at denne runden med rotenonbehandling vil fjerne parasitten for godt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Årsaka til den store optimismen er gladmeldingane som tikka inn frå Steinkjer i Nord-Trøndelag i førre veke. Der er det like før ein friskmelder heile Steinkjervassdraget frå parasitten som har øydelagt laksen dei siste åra.

– Det er veldig oppløftande det som skjer. Steinkjer er eit område vi har streva med lenge, seier Trond Haukebø hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Han seier eit auka budsjett med meir mannskap og utstyr har gjort at ein har fått eit heilt anna grep i kampen mot lakseparasitten.

Begynner behandlinga onsdag

Måndag samlar elveeigarar og aktørar frå Fylkesmannen og Veterinærinstituttet seg på Setnesmoen for å klargjere til storaksjonen. Måndag og tysdag vert brukt til å gjere seg kjend med geografien og sjekke utstyr, medan behandlinga begynner på Slettafossen onsdag.

– Teamet skal begynne arbeidet onsdag i Rauma og vil sidan også rotenonbehandle Istra, Isa & Glutra, Innfjordelva og Måna til sist, opplyser Haukebø.

Rotenonbehandling i Rauma 2013

Rauma igjen kan bli ei ny rik lakseelv dersom behandlinga med rotenon blir vellukka.

Foto: Dag H. Karlsen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL