Hopp til innhold

Rauma er straumlaus

Det meste av Rauma er utan straum. Straumen fall truleg ut seint i natt eller i morgontimane. Feilen oppstod truleg i samband med omkopling og ligg hos Rauma energi eller Statnett. Selskapet seier seg lei for problema dette medfører og arbeider no for fullt med å få straumen tilbake.

Strømmast ved Mannen
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix