Rauma elv blir friskmeldt

Første november blir Rauma elv blir friskmeldt som lakseelv. Rotenonbehandlinga i 2013 var vellykka, og frisk fisk er sett ut i elva. Laksen i Rauma var smitta av lakseparasitten gyrodactylus salaris. Den blei påvist i Noreg for første gang i Rauma i 1980. Til sommaren kan det bli normalt fiske igjen. – Det er nesten uvirkeleg, seier ein av elveeigarane Vidar Skiri til NRK.

Elveigar Vidar Skiri i Rauma
Foto: Tore Ellingseter / NRK