Hopp til innhold

Raudt farenivå for Veslemannen

Farenivået for Veslemannen er heva til raudt, det melder NVE. Det er meldt mykje regn frå seint i natt og utover dagen i morgon, som gjer at ein ventar at rørslene i fjellet vil auke. – På bakgrunn av dei store nedbørsmengdene som har vorte varsla, har vi bestemt å heve nivået til raudt, seier Lene Kristiansen, geolog i NVE. Dette er fjerde gang i år at farenivået har vorte heva til raudt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL