Hopp til innhold

Raudt farenivå for niande gong – ny evakuering ved Mannen

Endå ein gong må innbyggjarane ved det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen i Rauma i Romsdal evakuerast.

Rødt farenivå ved Mannen

RAUDT FARENIVÅ: Det rasfarlege fjellpartiet Mannen i Rauma i Møre og Romsdal.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Siste: Onsdag morgon er det framleis raudt farenivå ved Veslemannen. Farta som fjellmassivet bevegar seg med er redusert minimalt i løpet av natta og er no på ei døgnfart på 10 centimeter i øvre del. Om lag kvart på seks er det ei halv plussgrad i området. Det er meldt lågare temperaturar ut over dagen.

– Dette er ein jo ein heilt spesiell situasjon, seier Rauma-ordførar Lars Olav Hustad til NRK.

I 22-tida tysdag kveld vart nemleg farenivået sett opp til raudt for niande gong sidan 2014 og for tredje gong så langt i september.

Alle gongane har innbyggjarane ved det vesle, men svært aktive fjellpartiet i Rauma i Romsdal blitt evakuerte.

– Dei 11 innbyggjarane flytta heim søndag føremiddag i 10-tida. I 22-tida i kveld måtte dei evakuerast på nytt. Vi var jo førebudde på at dette kunne skje. Det er ikkje uventa. Likevel er det sjølvsagt innbyggjarane oppgitte, seier Lars Olav Hustad.

Lars Olav Hustad

ORDFØRAR: Lars Olav Hustad har hatt mykje å stri med som Rauma-ordførar denne hausten. For fjerde gong sidan august er innbyggjarane ved Mannen evakuerte.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Varsla betydelege nedbørsmengder

Klokka 14.30 i dag justerte NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) farenivået opp til oransje nivå, altså det nest høgste.

Lars Harald Blikra

SEKSJONSSJEF I NVE: Lars Harald Blikra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det skjedde fordi det vart varmare i fjellet og det starta å regne, ifølgje NVE.

Så auka rørslene i fjellpartiet utover dagen og kvelden. Dessutan er det varsla betydelege nedbørsmengder fram til onsdag føremiddag.

– Det blir forventa auka rørsler grunna regn og smelting av snø, seier seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra.

Derfor er farenivået no igjen raudt.

Lars Olav Hustad og geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala.

NY EVAKUERING: Lars Olav Hustad og geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala, fotograferte under evakueringa i august. Det var den første evakueringa i 2018. I 2017 var det to evakueringar, åra før éi kvart år frå den første i 2014.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Bur i hytter

Døgnhastigheita er no oppe i 12 centimeter i øvre del og 1-1,5 centimeter i nedre del. Det blir dessutan forventa ytterlegare auka rørsler grunna snøsmelting, heiter det i den ferskare rapporten frå NVE.

– Dette er fjerde gongen berre sidan august at innbyggjarane må evakuerast. Dei bur no i evakueringshyttene på Åndalsnes, fortel ordførar Lars Olav Hustad.

Fjellet Mannen i Rauma

EIT USTABILT FJELLPARTI: Veslemannen i Rauma i Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL