Hopp til innhold

Full splid i Raudt om Steigan.no

Raud ungdom vil ha eit oppgjer med folkevalde i partiet Raudt, som har tilknyting til Steigan.no. Faktasjekkarar har peika på nettsida som den største spreiaren av russisk propaganda i Noreg.

Alberte Tennøe Bekkhus, Rød ungdom

VIL HA OPPGJER: Leiar i Raud Ungdom Alberte Tennøe Bekkhus seier det er på høg tid at moderpartiet tek eit oppgjer og gjer det klart at ein ikkje kan ha tillitsverv i Raudt, om ein er involvert i Steigan.no.

Foto: Ihne Pedersen

Sentralstyret i Raud Ungdom har vedtatt at dei meiner ein ikkje kan ha tillitsverv i Raudt, og samtidig vere medeigar i Steigan.no.

– Det er på høg til med eit oppgjer. Det held ikkje lenger at partileiinga tek avstand frå nettsida, seier RU-leiar Arberte Tennøe Bekkhus.

Debatten har rasa rundt partiet etter av Faktisk.no undersøkte bruken av russiske kjelder i norske alternative media.

Kartlegginga viser at mellom januar 2021 og mars 2022 sto Steigan.no for 87 prosent av bruken av kjelder som «openbert tilhøyrer russiske myndigheiter» blant norske alternative medium.

Ansvarleg for Steigan.no er den tidlegare leiaren i AKP (m-l), Pål Steigan.

I etterkant av dette fortalde Morgenbladet at åtte politikarar i Raudt er medeigarar i selskapet Mot Dag, som driv nettsida.

Partisekretær, Benedikte Pryneid Hansen (R), seier at partileiinga har fått fleire innspel som er i tråd med vedtaket frå RU. Ifølgje Hansen er fleire lokallag og mange medlemmar kritiske.

No vil leiinga i partiet ta ein gjennomgang.

– Det er naturleg at dette blir ei sak i sentralstyret. Då vil vi ta stilling til om ein kan ha tillitsverv i partiet og samstundes vere involvert i selskapet Mot Dag, seier Hansen.

Benedikte Pryneid Hansen, partisekretær i Raudt

Benedikte Pryneid Hansen er partisekretær i Raudt.

Foto: Ihne Pedersen

– I tillegg har eg bedd om ei tilbakemelding frå dei folkevalde som er medeigarar i selskapet. Der ber eg om svar på om dei framleis støttar innhaldet på denne bloggen. Vi har sett ei utvikling med ekstrem konspirasjonstenking, og no sist ei einsidig dekking av krigen i Ukraina. Våre medlemmar bør tenke over om dei kan stå inne for, og vere med på å gje legitimitet til dette innhaldet, seier Hansen.

Tek sterk avstand

Ei lang rekke lag i Raudt har utala seg i media om saka.

Fylkesstyret i Møre og Romsdal har kome med ein felles uttale der dei tek sterk avstand frå nettstaden.

Sigve Lorås Torland

MØRE OG ROMSDAL: Fylkesleiar i Raudt Møre og Romsdal Sigve Lorås Torland.

Foto: Privat

– Vi har observert ei stadig sterkare vriding mot konspirasjonsteoriar, antivaksinering og no sist ei veldig lite nyansert tilnærming til dei grusomheitene som Putins Russland gjer seg skuldig i ovanfor den ukrainske befolkninga, skriv dei om Steigan.no.

Fylkesleiar Sigve Lorås Torland seier til NRK at han stolar på at partileiinga vil gjere gode vurderingar.

Full tillit

Ein av dei som står sentralt i både Raudt og Steigan.no er Per-Gunnar Skotåm.

Han sit i landsstyret til Raudt og er styremedlem i Mot Dag AS.

Per-Gunnar Skotåm skriv i ein SMS til NRK at han ikkje vil kommentere saka.

Til Avisa Nordland skriv Skotåm at han er ueinig i at Steigan.no spreier russisk propaganda. Han meiner kartlegginga til Faktisk.no er «tendensiøs» og «initiert av Forsvarets forskingsinstitutt».

På heimebane får Skotåm støtte. På Facebook skriv styret i Raudt Nordland at dei har full tillit til at Skotåm gjer gode vurderingar, respekterer rollene sine og utfører dei med integritet.

Per-Gunnar Skotåm

NORDLAND: Per-Gunnar Skotåm er ein sentral person i Raudt. Han er kommunestyrerepresentant i Fauske, fylkestingsrepresentant i Nordland og sit i landsstyret til partiet.

Foto: Ihne Pedersen