Hopp til innhold

Råsterk krone uroar møbelbransjen

Sterk krone er ikkje berre positivt, og for møbelbransjen i Møre og Romsdal kan tidene bli tøffe. – Vi må spele meir på kvalitet og funksjon, fortel Joakim Helland i Helland Møbler.

I møbelbransjen er det uro for konsekvensane av at den norske krona no er sterkare mot euro enn ho har vore på mange år. Det fører til at norske møblar blir dyre på marknadene ute. Men trass i eurokrisa finst det bedrifter som akkurat no vil satse meir på eksport.

Usikker haust for møbelindustrien

Charles Tøsse

Ordførar i Stordal, Charles Tøsse, fortel at møbelindustrien framleis er den desidert største næringa i kommunen.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Nærmare 40 prosent av sysselsetjinga i møbelbransjen i Noreg er i Møre og Romsdal.

I Stordal kommune er møbelindustrien enormt viktig, med bedrifter som Vad, Stordal Møbler, Sitwell og Helland Møbler.

– Møbelindustrien er stor i heile regionen. I Stordal kommune og dei omliggjande kommunane så er det den viktigaste næringa, seier Charles Tøsse, ordførar i Stordal kommune.

Krona står sterkt i desse tider, noko som fører til at norsk møblar blir dyrare i utlandet.

– Når krona er sterk blir våre møblar veldig dyre.

– Då må vi spele meir på kvalitet og funksjon, og prøve å få kundane til å forstå at dersom ein kjøper kvalitet, så slepp ein å skifte ut møblane så ofte, seier Joakim Helland, dagleg leiar i Helland Møbler.

Saka held fram under bildet.

Joakim Helland

Joakim Helland, dagleg leiar i Helland Møbler, fortel at tonen mellom møbelbedriftene i Stordal er god.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Dårlege tider kan få store ringverknader

Møbelbedriftene i Stordal har vore gjennom tøffe tak med omstrukturering og utflagging.

Frå om lag 400 tilsette ved tusenårsskiftet, er talet på sysselsette i bedriftene no nesten halvert.

– Det er framleis næringa med desidert flest sysselsette i Stordal, seier ordførar Tøsse.

Han håper næringa går lyse tider i møte.

– Ringverknadene i forhold til underentreprenørar er betydelege, fortel Tøsse.

Geir Østrem

Marknadssjef i Helland Møbler, Geir Østrem, fortel at bedrifta vil satse meir på eksport i tida framover.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Satsar internasjonalt

Dårlege tider i Europa gjer at ein må tenkje annleis for å nå ut med norske varer. Helland Møbler har spesialisert seg på møblar til offentlege bygg, som sjukehus og sjukeheimar.

– Vi kan levere det meste som skal inn i eit nybygg, slår Helland fast.

Dei leverer mest til innanlandsmarknaden i augneblinken. Helland Møbler eksporterer òg, men framover vil dei satsa hardare utanlands.

– Vi har gjennom ei årrekkje bygga opp ein kompetanse innanfor pleie- og helsemarknaden. Vi har bygga opp ein stor produktkolleksjon som er tilpassa marknaden, seier marknadssjef i Helland Møbler, Geir Østrem.

– Og vi får gode tilbakemeldingar å internasjonale messer vi er på, og for oss er det på tide å ta steget vidare, fortel Østrem vidare.

Helland Møbler vil altså ut, blant mange møbelbedrifter i Stordal.

– Det er ingen fiendtlegheiter her i Stordalen. Vi samarbeider på nokre område, medan vi konkurrerer på andre, avsluttar Helland, med dei andre møbelbedriftene i tankane.

Helland Møbler

Møblar for sjukeheimar og sjukehus er noko Helland Møbler satsar på.

Foto: Brede Røsjø / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL