Hopp til innhold

Rasteplassen har blitt ufrivilleg campingplass

Denne rasteplassen er til for korte stopp på maks seks timar, men det gir dei tyske bubilturistane blaffen i.

Camping

I fjor vart rasteplassen rydda og opna slik at den skulle bli meir synleg. Håpet var at det skulle jage vekk overnattingsgjestar, men det fekk heller motsatt effekt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Nede ved sjøen langs E39, like ved Tingvoll, ligg ein rasteplass idyllisk til. Her kan turistar og andre reisande stoppe for å ta seg ei lita pause.

Stefan Unger

Stefan Unger gir blaffen i at rasteplassen ikkje er meint som campingplass. - Eg liker meg godt her.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

... Eller ikkje. Denne rasteplassen blir nemleg brukt som campingplass.

– Det er så fint her, så vi kan ikkje berre reise vidare, seier det tyske bubilparet, Stefan og Gisela Unger.

Dei har overnatta på rasteplassen i tre netter.

Vil ha slutt på villcamping

Statens vegvesen vil ha slutt på villcamping med bubil.

– Dette er ikkje ynskjeleg frå vår side, seier Lisbeth Smørholm, seksjonsleiar for Statens Vegvesen.

I håp om å jage vekk overnattingsgjestar, endra vegvesenet på rasteplassen i fjor ved å opne opp og gjere den meir synleg.

Det fekk motsatt effekt, og rasteplassen held fram med å vere ein populær campingplass for bubilar.

Gir blaffen i reglane

Listbeth SMØRHEIM

– Dette er ikkje ynskjeleg frå vår side, seier Lisbeth Smørholm i Statens Vegvesen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vegvesenet forsøker å legge tilrette for eit nettverk av rasteplassar, eit arbeid dei kjem til å halde fram med ei tid framover.

– Dei som kjem langs vegen skal få vite at dei om ikkje lenge vil møte på ein rasteplass, og då er det veldig synd at den rasteplassen brukast som ein campingplass.

På skilt omsett til fleire språk, gir vegvesenet klar beskjed om at overnatting ikkje er lovleg.

– Det står eit lite skilt som seier vi kan stå her i seks timar før vi må dra vidare, seier Gisela.

– Men, det skiltet klarer eg ikkje heilt å lese, humrar Stefan.

Vil tømme do på rasteplass

No vil vegvesenet forsøke å finne nye løysingar.

– Det blir eit vanskeleg arbeid om ein skal følgje opp med kontrollar for å passe på at ingen brukar rasteplassen feil. Vi får ta ein prat internt, å sjå om det er noko vi kan gjere, seier Smørholm.

Dei tyske bubilturistane har sitt eige forslag til kva som bør gjerast.

– Det hadde vore fint å ha moglegheit til å tømme doen vår her, spøkjar dei.

Unger

- Kan vi tømme doen vår her? Spøkjar det tyske paret.

Foto: Eirik Haukenes / NRK