Hopp til innhold

Rasstengd veg opnar i kveld

Fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger opnar i kveld klokka 19.00. Det melder Statens vegvesen. Vegen har vore stengt sidan torsdag førre veke då det gjekk eit ras. Det blir no jobba for fullt for å opne vegen og det er mykje masse som må fjernast før den tid. – Det kan vere at vegen ikkje er rydda i full bredde alle stadar til opningstidspunktet. Trafikantane må difor vere førebudd på at det kan bli ryddearbeid i morgon også, men da vil vegen vere open for trafikk, melder vegvesenet. Rasferja mellom Geiranger og Hellesylt går ut dagen.

Fresing av Rv 63 ved Indreeide i Eidsdal
Foto: Kåre Berge / Statens vegvesen