19 kommunar har samla seg om ei storsatsing der vegnettet på Sunnmøre skal byggast for fem milliardar kroner.
Vegen mellom Hellesylt og Stranda toppar lista over riksvegar.
Gledens dag
- Dette er ein gledens dag i Stranda, seier Frank Sve til NRK Møre og Romsdal. At riksveg 60 ligg på topp på ei av prioriteringslistene det er veldig, veldig bra, seier han. Dette er definitivt ein milepel, det er ein milepel for heile Møre og Romsdal, seier Sve.
Området ved Ljøen er svært utsett for skred om vinteren. Foto: NRK.
Samde
Frank Sve er veldig glad for at 19 kommunar på Sunnmøre kunne samlast ved eitt og same bord og bli samde om prioriteringane. Han trur at rassikringka kan realiserast i 2006 og 2007.
Kan vurdere bompenger
Hvis det ikkje blir sett av statlege pengar til riksveg 60 vil Sve vil spørje innbyggarane og næringslivet om det kan vere aktuelt å bruke bompengar.
- Ja, dette vil definitivt vere riktig. Eg er fullt villig til å spørje innbyggarane om kva dei og næringslivet ønskjer. Vil dei ha bompengefinansiering om den statlege delen sviktar så er vi villige til å teste ut alle mulegheiter, seier han.
Nok pengar
Frank Sve legg likevel til at det i vegplanane er sett av nok pengar til å rassikre både riksveg 60 mellom Stranda og Hellesylt og riksveg 62 i Jordalsgrend. - Eg trur at begge prosjekta kan gjennomførast i denne perioden, og då treng vi heller ikkje bompengar, seier Frank Sve.