- Forventningane er heilt klare: Staten må løyve dei resterande 10 - 12 millionar kroner som trengs for å fullføre arbeidet med sikring av vegen, seier fylkesvarordfører Svein Atle Roseth til NRK Møre og Romsdal.
Om ikkje Staten løyver midlane i revidert nasjonalbudsjett, må Møre og Romsdal eller Oppland - eller begge fylka saman - stille garantiar for å forskottere pengane, meiner Roseth.
Svein Atle Roseth Foto: Gunnar Sandvik
Saka i fylkesutvalet
Saka kjem opp i fylkesutvalet i Møre og Romsdal i møte måndag, og Svein Atle Roseth seier han håper alle parti vil stille seg bak kravet om fullføring av rassikringsarbeidet i år.
- No skal fylket satse på reiseliv, og då må vi stille oss bak dette kravet, seier Roseth. - Vi kan ikke ha meir usikkerheit.
Rasfåre hindra opning
Den berømte turistvegen mellom Geiranger og Austlandet kunne ikkje opne før langt ut i sommarsesongen i fjor på grunn av rasfåren frå Stavbrekkfonna.
Enorme snømengder låg trugande oppe i fjellsida og hindra opning av vegen. Forsøk frå Telemark bataljon med vassbomber for å utløyse fonna var mislukka.
Arbeidet starta
Reaksjonane frå lokalbefolkning og reiselivsbransjen - både i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Oppland - var så sterke, at 3 millionar kroner blei løyvde for å starte sikringsarbeidet som var naudsynt.
Men det manglar 10 til 12 millionar kroner til fullføring, og no kjem kravet om at dei må på plass snarast.