– Det er galskap visst ikkje Nordøyvegen blir bygt. Då foreslår eg at dette holet her må bli utandørs badebasseng, seier Rasmus Myklehust.
Holet ligg rett nedanfor huset hans. Der skal det gå ein undersjøisk tunnel til naboøya Fjørtoft. Den største frykta til øybuarane er at bruene og tunnelane som har vore planlagt i 30 år, aldri kjem. No går det føre seg ein intens kamp for å finansiere fastlandssambandet. Budsjettet har sprokke med over ein milliard.
Budsjett-sjokk
Då Stortinget gav grønt lys til bygging av Nordøyvegen i 2017, gjekk det ikkje lange stunda før spadane stod i jorda. Det førebuande arbeidet med tunnelinnslag skulle gjerast før dei store hovudentreprenørane kom med sine tilbod.
I juni kom det store sjokket. Prisen på bygginga vert over ein milliard kroner meir enn rekna med. No jobbar politikarar og fylkesadministrasjonen på spreng for å finne dei ekstra pengane. Eit av spørsmåla er om bompengeinnkrevjinga kan forlengast frå 20 til 40 år.
Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik råda politikarane til å avlyse anbodet tidlegare i sommar.
– Eg er bekymra for dei andre tilboda i fylket. Vi er redd at vi ikkje klarer å gjennomføre dei investeringane fylkestinget har vedteke i skulesektoren og kultursektoren, seier Guttelvik.
Vil ha betalt tilbake bompengane
Rasmus Myklebust er meteorolog og har budd i Bergen heile sitt yrkesliv. No er han pensjonist og skal flytte tilbake til heimstaden. Gjennom alle desse åra har han reist til Harøya så ofte han kunne. I to år, frå 2014–2016 betalte han og dei andre reisande ekstra pengar på ferja. Det vart henta inn 7,6 millionar kroner i bompengar på ferjebillettane.
Sjølv om ikkje Myklebust er den som har betalt mest bompengar, har han tatt vare på alle billettane i ein konvolutt. Dersom Nordøyvegen vert stansa, har han planane klare. Då skal han sende konvolutten med billettane til bompengeselskapet og krevje pengane betalt tilbake.
– Det er i protest, seier pensjonisten.
Statens vegvesen må skuffe Myklebust.
– Han får dessverre ikkje att pengane sine. Midlane har gått til planlegging, slik Stortinget bestemte, seier seniorrådgivar Statens vegvesen, Knut Erik Bjerkan.
Stolte på at vegen ville komme
Svenn-Even Otterlei sit på ferja saman med den vesle sonen sin, på veg til fotballkamp. Han har ikkje tatt vare på billettane sine slik som Myklebust, men deler frustrasjonen over at fastlandssambandet kan bli skrinlagt. Han og familien har bygt hus på øyane og var sikre på at dei skulle sleppe å vere avhengig av ferje.
– Det må kome ei løysing på finansieringa. Pengane til Nordøyvegen kan ikkje brukast til andre ting likevel, seier Otterlei.
I oktober skal fylkestinget avgjere skjebnen til Nordøyvegen. Innbyggjarane på øyane er spente på å sjå utrekningane som blir lagt på bordet. Mange trur opprusting av ferjer og ferjekaier kan bli like dyrt som å bygge sambandet. Det trur også Rasmus Myklebust.
– Eg trur Nordøyvegen blir bygt. Eg ser ingen grunn til å stoppe, seier Myklebust.