Hopp til innhold

– Det er respektlaust og flaut for kommunen å kome med eit slikt forslag

Innbyggjarar frå Ellingsøya rasar mot Ålesund kommune. Dei meiner at øya blir blokkert frå sentrum viss bomforslaget blir ein realitet. No samlar dei krefter til storstilt folkeaksjon.

Kverve

Dette er Kverve på Ellingsøya. Her stod den gamle bomstasjonen i samband med dei undersjøiske tunnelane. No kan det kome ny bomstasjon i same området.

Foto: Terje Reite / NRK

Eva Søvik Uri

Eva Søvik Uri frå Ellingsøya er ikkje nøgd med forslaget om bom på vegen til Ålesund sentrum.

Foto: Privat

Bomringen kjem til å kome, og dette skapar sterke reaksjonar frå innbyggjarane. Eva Søvik Uri frå Ellingsøya meiner at dette er eit bakhaldsangrep frå kommunen, og at dei blir utestengd frå sentrum viss bommen vert sett opp i tunnelen. Ordføraren forstår frustrasjonen, og trur at dei sterke meiningane vil nå fram til politikarane.

– Vi er forbanna. Nok er nok. Eg meiner at det er respektlaust og flaut for kommunen å kome med eit slikt forslag, seier Uri.

  • Trur du at ein folkeaksjon kan endre planane om bom i Ellingsøytunnelen? Delta gjerne i debatten under artikkelen.

Måndag har ei gruppe representantar frå Ellingsøya planlagd ein folkeaksjon mot ny bom. Uri håper at dei blir høyrt av politikarane. Allereie 17. mai sette aksjonsgruppa i gang ein underskriftskampanje, og 600 har signert hittil.

– Eg trur og håper at vi får ei enorm oppslutning rundt dette folkeaksjonen. Innbyggjarane er rasande, og det vil vi ha fram, seier Uri.

Betalte bom i årevis

Utbygging av vegar, sykkelstiar og kollektivtilbod skal bli finansiert av Bypakken. Det ferskaste forslaget frå Ålesund kommune seier at det også blir bom ved Steinvågsbrua mellom Hessa og Aspøya og i Ellingsøytunnelen, i tillegg til i Vegsundet og på Lerstad.

Trafikken går heftig over Ellingsøya og til Giske kommune. Bomstasjonen vil mest sannsynleg kome i Ellingsøytunnelen, ikkje langt frå der det i årevis stod ein bomstasjon i samband med dei undersjøiske tunnelane.

Under aksjonen, som startar på Kverve klokka 16.00 måndag, skal fleire på talarstolen. Henning Hofseth skal snakke om korleis bommen kan påverke bustadutvikling, FAU-leiar Rolf Hansen vil ha diskusjon om korleis bommen påverkar born og unge og Karl Inge Slotsvik, dagleg leiar ved Firmenich Bjørge Biomarin AS, skal representere bedriftene på øya.

Stor utvikling etter nedlegging av bom

Uri fortel at ellingsøyarane er leie. Dei betalte bompengar i over 20 år, og for fem år sidan blei bommen fjerna. Sidan den gong har det vore stor bustadutbygging i området.

– Vi føler at kommunen har lurt oss med å kome med dette forslaget så seint i prosessen. Vi blir tvinga til å betale for sykkelstiar i byen som vi ikkje syklar på. Vi får ikkje noko igjen for det vi gir, seier Uri, som meiner at innbyggjarane på Ellingsøya bidreg med ei merkbar mengde av skattekronene i kommunen, og difor bør dei ikkje bli straffa med eit slikt forslag.

Ho legg vekt på at dei gjerne er med på spleiselaget så lenge ho føler at dei får noko igjen for det. Ho er klar for ein massiv protest.

Artikkelen held fram under biletet.

Bypakken i Ålesund

Dette er det nye forslaget frå rådmannen. I tillegg til tidlegare forslag er det no teikna inn bomstasjonar både ved Steinvågbrua og Ellingsøytunnelen.

Foto: Ålesund kommune

Ordføraren forstår reaksjonane

Ordfører i Ålesund, Bjørn Tømmerdal

Ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal (H), seier at det ikkje er mogleg at Bypakken er rettferdig for alle.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal (H), seier at kommunen ikkje lurer innbyggjarane. Han forstår at folk reagerer med tanke på den førre bommen som stod på Kverve.

Fleire politiske parti skal ha gruppemøte måndag kveld, og Uri håper at politikarane vil ta med seg erfaringane frå folkeaksjonen dit. Torsdag er det duka for bystyremøte, og då vil dette bli ein av sakene som blir tatt opp.

– Det er sjølvsagt heilt greitt at folk ikkje er einige. Men vi driv ikkje med lureri. Eg er allereie kjend med dei ulike synspunkta rundt om i kommunen, og eg er sikker på at ellingsøyarane sine meiningar kjem til å nå fram til dei politikarane som deltek på aksjonen i morgon, seier Tømmerdal.

Sjølv om bodskapet kjem klart frå Ellingsøya, så trur ordføraren at det også finst andre frå området som er for det nye bomforslaget.

– Det vert spennande å sjå kva for konsekvensar folkeaksjonen vil få. Eg er usikker på kva som kan skje, men det er i alle fall ikkje mogleg at alle vert einige. Bomringen er ikkje rettferdig for alle. Men alle som har sterke meiningar vil bli lagt merke til, seier ordføraren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL