NRK Meny
Normal

Rare ting frå sjøen

Naturtelefonen har fått tilsendt ein spennande pakke frå Ingrid og Kjell Brotnow frå Vatne i Haram. Innhaldet fann dei på ei strand på nordsida av Senja i sommar.

 

Snigelklase kystsnigel
Foto: Olav Hustad / NRK

Eggklumpen er det som er att av dugnadsarbeidet til fleire sniglar, fortel akvarist Jan Einarsen. Det er den største kystsnigelen vi har her i landet, norsk kongesnigel, som sikrar etterslekta på denne måten. Fleire sniglar, ofte fire-fem, går saman om å leggje egg i ein klase. I kvar av "posane" er det 10-12 ørsmå egg. Men oftast er det berre ein snigel som kjem ut - fordi han har ete opp dei andre.

  

 

 

Skjelett av sjømus
Foto: Olav Hustad / NRK

Det kvite, nesten hjarteforma skalet er skjelettet av ei sjømus, ein art av sjøpinnsvin (kråkebolle). I levande livet er skalet dekt av små brune piggar, slik at dyret liknar litt på ei lita mus. Det lever i mudder og sandbotn. Fordi skalet er så skjørt, er det svært sjeldan å finne eit heilt uskadd skjelett som dette.