Hopp til innhold

Rår sonen til å halde seg heime etter overfall

Randi Windstad rår son sin til å halde seg heime etter det blodige overfallet på grensa til Tsjetsjenia for to veker sidan. I dag kom utanriksjournalisten heim igjen til Aukra og møtte foreldra for første gong etter angrepet.

Randi og Øystein Windstad

Randi Windstad (t.h.) pusta letta ut då sonen Øystein Windstad var trygt på sjukehus etter overfallet. No er han komen heim.

Foto: Roar Strøm / NRK

Journalisten Øystein Windstad blei internasjonalt kjend då han for to veker sidan blei angripen og mishandla på ein reportasjetur på grensa mellom Ingusjetia og Tsjetsjenia. Bussen blei tent på og eksploderte rett etter at 32-åringen hadde kome seg ut.

Måndag reiste han heim til foreldra på Aukra for første gong etter den grufulle opplevinga. Mora hadde eit klart råd, då dei møttest igjen: ho meiner han ikkje bør reise på slike reportasjeoppdrag.

Ja, det er for risikabelt. Det er ikkje verdt det, slår ho nøkternt fast.

Les også:

Trudde han skulle døy

Norsk journalist angrepet

Øystein Windstad trudde han kom til å døy då han blei angripen av om lag 20 menn på veg på reportasjetur med russiske menneskeaktivistar.

Foto: Øystein Windstad / Ny Tid

32-åringen trudde han skulle døy då 20 menn angreip minibussen han sat i. Han var på veg til Tsjetsjenia på reportasjetur for magasinet Ny Tid med russiske menneskeaktivistar, og forsøkte å gøyme seg i graset, men blei overfallen og banka.

Kontrasten kunne eigentleg ikkje vore større mellom det eg har opplevd og det utruleg fredelege og naturvakre Aukra, Møre og Romsdal og Noreg.

Windstad hamna på sjukehus i Ingusjetia, og fekk etter kvart hjelp til å kome seg ut av området.

– Eg var der i tre dagar, men tenk på dei som bur der, og kjempar for ytringsfridom, fred og grunnleggjande menneskerettar. Tenk på korleis dei har det, seier han.

Les også:

Familie med eiga flukthistorie

Øystein Windstad omfavner kona på Oslo lufthavn

Øyvind Windstad blei teken imot med stor glede då han landa i Noreg etter overfallet.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Familien si eiga historie har vore med og skapt ein uredd utanriksjournalist som kjempar for fred og rettferd. Under krigen var Aukra okkupert av 2 000 tyskarar, og far til Øyvind Windstad, Asbjørn Windstad, blei flyktning allereie som nyfødd.

Det var sperringar og passkontroll, og ikkje minst miner, slik at det var farleg å gå, minnest Windstad.

Sonen trur hendingane har hatt sitt å seie for yrkesvalet.

– Eg trur det har vore med og forma meg og gitt meg perspektiv på det arbeidet eg gjer. Det er jammen ikkje lenge sidan sjølv far min blei driven frå gard og grunn.

Ro over heimen

No skal Windstad feire påske på Aukra, i lag med den næraste familien. Måndag sto heimelaga fiskekaker på menyen. Og no slår også mor i huset seg til ro, men at sonen er trygt heime.

Eg var redd heilt til eg høyrde at han var på sjukehuset, då tok eg det med ro, seier Randi Windstad.

Det vonde eg har opplevd forsvinn gradvis dess lenger eg er heime her hos dei eg er glad i, seier sonen Øystein Windstad.