Rår frå politikarar å ta rolla

Regjeringa følger opp Fylkets kartlegging av "barnerepresentant"-ordning og rår frå politikarar til å ta rolla. Det skriv Romsdals Budstikke. Dei kommunane som har ein politikar som barnerepresentant er Molde, Sande, Herøy, Vanylven, Aure og Rindal. Rådgivar Mari Anne Bjørkmann i Møre og Romsdal fylkeskommune seier til avisa at politikarar har for lita tid når dei skal tale barnas sak i plan- og byggesaker. Ho meiner at rolla vil fungere optimalt om vedkommande er administrativt tilsett og kan komme inn i sakene tidleg.