Rår frå bybane

Rådgivarselskapet COWI meiner Ålesund kommune ikkje bør gå vidare med arbeidet om få til ei bybane. Dei meiner kostnadene på 5,8 milliardar kroner blir for høge. I staden bør Ålesundregionen arbeide med "prioritert buss", som vil gi eit sterkt kollektivtilbod utan store anleggsinvesteringar og eit avgrensa inngrep i byen. Innspela til COWI blir behandla i formannskapet i Ålesund etter ferien.