Hopp til innhold

Rapport om «Eemslift Hendrika»

Dutch Safety Board har gått gjennom kva som gjekk gale då «Eemslift Hendrika» fekk motorstopp og mista mykje av lasta på dekk utanfor Stad. Det skriv Sunnmørsposten. Havariet skjedde i april i fjor. Mannskapet blei evakuert og det nederlandske lasteskipet dreiv mot land med kraftig slagside etter at last under dekk hadde slått hol på to ballasttankar. Avløysarkapteinen som gjekk på i Rotterdam hadde ikkje sjekka sikringa av lasta under dekk, slår rapporten fast. Då skipet gjekk vidare mot Noreg rådde reiarlaget om å ta om bord norsk los – og gå innanskjærs – på grunn av vêret. Men ifølgje rapporten skal avløysarkapteinen ha frykta at å ta om bord los ville føre til mykje papirarbeid. Dermed valde kapteinen ei rute i ope hav, trass dårlege vêrmeldingar, skriv avisa.