Av:
Berit Susanne Kjølås
Bensinstasjonen hadde nettopp stengt, og den tilsette held på å låse seg ut, då han blei overfalt.
Alarmen slo seg på før dei to klarte å kome seg inn, og mennene stakk av til fots.
Den tilsette blei ikkje skadd i basketaket.
Politiet er ute etter tips frå publikum som kan ha sett to menn i mørke frakkar like før og etter midnatt i Volda sentrum.