Rammar psykiatrien hardt

Norsk psykologforening meiner at nedskjeringane i Helse Møre og Romsdal skjer i strid med norsk politikk, som skal styrke helsehjelpa til dei som har psykiske lidingar. Ifølgje "Den gyldne regelen" skal psykiatrien har større vekst enn resten av spesialisthelsetenesta. Føretakstillitsvald i Norsk Psykologforening, Siri Næs, seier at budsjettet for 2019 og nedbemanningsplanane råkar psykiatrien på ein slik måte at det blir vanskeleg å få ned ventelistene.

Siri Næs
Foto: Terje Reite / NRK