Hopp til innhold

Rammar all busstrafikk

Bussane køyrer ikkje innom rutebilstasjonen og Storgata i Molde som følgje av evakueringa.

Eksplosjon Molde 030216

Rutebilstasjonen og Storgata i Molde er steng for all ferdsel.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal har sendt ut ei pressemelding etter ein eksplosjon i Molde sentrum onsdag føremiddag. Der dei ber dei reisande med bybussane om å nytte næraste haldeplass inntil området er klarert og opna igjen av politiet.

– For trafikk austgåande vil bussane stoppe mellom Molde politistasjon og Molde kino. Vestgåande vil bussane køyre Øvre veg og ned Nobelbakken, skriv dei.

– For FRAM EKSPRESS og Mørelinja til/frå Trondheim, ber vi dei reisande om å nytte parkeringshaldeplassen i enden av Molde ferjekai (grusplassen mellom Oshaug Metall og ferjekaia). Då bussane vil bruke denne til av- og påstiging.

For andre bussar gjeld følgande påstiging:

  • Veøy Buss: Holdeplass v/ferjekaia
  • Atlantic Auto: Holdeplass v/ferjekaia mot Elnesvågen/Bud, samt haldeplass v/Molde hotell mot Julsundet

Les også: Har sperra av større område i Molde