NRK Meny

Ramla og slo hovudet

Ei kvinne har ramla av sykkelen og slått hovudet, melder politiet. Dette skal ha skjedd på riksveg 64 ved Silnesmyra i Eide. Ambulanse og politi er på veg til staden. Det er så langt uklart kor alvorleg skadd kvinna er, men ifølgje politiet sin operasjonssentral skal ho ha vore bevisstlaus ei kort periode etter uhellet. – Men ho er bevisst no, seier Tor André Gram Franck i politiet.

Laster kart, vennligst vent...